Om Jotunheimen nasjonalpark

Nasjonalparken har høge toppar, frodige fjelldalar og fjellvatn der du kan prøve fiskelykka.

Nasjonalparken

Jotunheimen er eit eldorado for topptursamlarar, med alle norske fjelltoppar over 2300moh. Galdhøpiggen (2469 moh.) er den høgste og mest besøkte, medan Hurrungane byr på legendariske klatretoppar, med Store Skagastølstind som spydspissen. Fjellturismen i Jotunheimen starta allereie for 200 år sidan, og det er i dag eit godt utvikla rutenett med overnattingsmoglegheiter på kjende turisthytter som Gjendebu, Glitterheim, Memurubu, Skogadalsbøen, Olavsbu og Fannaråkhytta. Men her er også urørte soner utan merka ruter, der du sjølv må finne vegen.

Nasjonalparken har høge toppar, frodige fjelldalar og fjellvatn der du kan prøve fiskelykka. Smaragdgrønne Gjende blir av mange rekna som den finaste innsjøen, og hit kjem kvart år mange for å gå den berømte fjellturen over Besseggen. Mange fjellplanter har høgderekorden sin her, og i dei bratte fjellskrentane finn fleire rovfuglar hekkeplass. Landskapet har spor etter eldre fangstkultur med dyregraver og buplassar, og beitebruk og seterdrift har lange tradisjonar.

Kjelde: norgesnasjonalparker.no

Nasjonalparkane nær oss

I Breheimen finn du både nokre av dei mest nedbørsrike og dei mest nedbørsfattige områda i landet. Området spenner frå nesten havnivå til godt over 2 000 m. Landskapet er forma av isbrear, skred og andre geologiske prosessar gjennom hundretusenvis av år. I dag finn du alt ifrå frodige stølsdalar til karrig høgfjell og isbrear, og Breheimen framstår som ein av dei mest varierte nasjonalparkane våre.

Jostedalsbreen nasjonalpark byr på naturopplevingar du aldri vil gløyme. Å sjå den blå isen og få vite korleis landskapet blir forma av is, stein og vatn gjev deg kjensle av å vere liten i det store biletet. På det store breplatået stikk høge fjelltoppar opp. Jostedalsbreen byr på stillheit og stjernehimmel, samtidig som det aldri blir heilt stille. I dei grøne og frodige stølsdalane har beitedyra forma landskapet i mange generasjonar. På varme sommardagar byr liene nedunder breen på fuglesang, summing frå insekt og blomsterprakt.