Velkomen til Utladalen nasjonalparksenter
Utladalen Naturhus er autorisert som besøkssenter for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde.
Utladalen nasjonalparksenter
Utladalen nasjonalparksenter fungerer som besøkssenter nasjonalpark for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde. I tillegg har senteret, gjennom Stiftinga Utladalen Naturhus, ansvar for alt skjøtselsarbeidet i Utladalen på oppdrag frå Statens Naturoppsyn. Nasjonalparksenteret er ope kvar einaste dag frå mai og ut oktober kvart år, og elles i skuleferiar og i samband med arrangement. Vi opnar dørane for skuleklassar/grupper heile året.
Ferdsel i verneområda
Målet med opprettinga av verneområde er å ivareta eller styrka naturverdiane for framtida. Difor er naturen i desse områda verna mot skade og forstyrringar.
Det kan vera store inngrep som hyttebygging og nydyrking, men også dei små tinga me gjer, som knekking av greiner, fotoseanse med villrein eller plukking av stein inne i nasjonalparken, kan vera i strid med reglane.
Skjøtsel av kulturlandskapet i Utladalen
Utladalen nasjonalparksenter utfører skjøtsels- og tilretteleggingstiltak i Utladalen landskapsvernområde gjennom Stiftinga Utladalen Naturhus. Slått, tilsyn med beitedyr, styving av tre og vedlikehald av stiar er nokre av arbeidsoppgåvene vi utfører på oppdrag frå Statens Naturoppsyn.
Skåri
Drifta på gardsbruket Skår tok slutt fyrst på 1970-talet. Kulturlandskapet her syner spor etter det vi kallar for sjølvbergingsjordbruket. Utladalen nasjonalparksenter har tilhald i dei gamle gardshusa, og senteret si bygningsmasse består av stovehuset og fjøsen på garden.
Vormeli
Vormeli, eller “Utladalsholet”, høyrer til Luster kommune. Vormeli var truleg den mest avsidesliggande garden i landet i si tid. I dag er det Stiftinga Utladalen Naturhus som administrerer vedlikehald av bygg, tilrettelegging for overnatting og skjøtsel av kulturlandskapet kring stølen.
Draumejobben finn du i Utladalen
Kvart år tek Utladalen nasjonalparksenter imot sesongarbeidarar som bidreg i den daglege drifta gjennom sommarsesongen. Stillingane har fått tittelen skjøtselsformidlar, fordi arbeidet vi gjer med kulturlandskapet ute er ein viktig del av formidlingsarbeidet vårt. Som sesongtilsett hjå oss får du arbeida med skjøtsel i form av slått, skogrydding, hesjing av gras, kartlegging av biologisk mangfald, styving av almetre, vøling av turstiar, tilsyn med beitedyr (hest og sau) og informasjonsarbeid mot turistar.