Ferdsel i verneområda
I verneområda kan det vera spesielle reglar for korleis du kan ferdast og bruka naturen. Kanskje går akkurat din favorittur innom eit verneområde?
-
Kva gjeld der du går tur?
Finn ditt verneområde på kart eller søk etter reglane i verneforskrifta som gjeld for eit bestemt verneområde (hjå Lovdata).
Myndigheitene som forvaltar dei ulike verneområda, har også oversikt over kva som gjeld i sitt område. Dei største verneområda og nasjonalparkane har gjerne eigne nettsider, som du kan finna ved å gå via norgesnasjonalparker.no.
-
-
Viktig i Utladalen
I Utladalen landskapsvernområde og i Jotunheimen nasjonalpark er det droneforbod. Årsaka er at droner kan forstyrra dyreliv og spesielt fuglar.
I Årdal kommune er det elles utvida bandtvang for hund som gjeld frå 30. april til 1. november. Utvidinga gjeld omsyn til både beitedyr og vilt.
Sykling i verneområda er elles lov på stadfesta vegar og stiar, og så lenge ein tek omsyn til gåande kan ein sykla på vegen i Utladalen landskapsvernområde. Unntaket her er el-sykkel, som er forbode fordi det vert rekna som motorisert ferdsel.
-
Dette gjeld elles
Her har me synt til reglar som er særlege for verneområda våre. Reglane i verneområda kan variera frå område til område. Det er difor viktig å setta seg inn i kva som gjeld akkurat der du skal.
I all utmark gjeld også allemannsretten og reglane i friluftslova.
Allemannsretten er eit gratis fellesgode som er ein del av kulturarva vår. Den gir alle rett til å ferdast fritt og opphalda seg i utmarka i Norge. Me kan hausta av naturen – saltvassfisk, bær, sopp og blomar.