Besøk Utladalen nasjonalparksenter
-
Skjøtsel og landskapspleie
Sidan 1997 har Stiftinga Utladalen Naturhus utført både restaurering og skjøtsel av kulturlandskapet i Utladalen på oppdrag frå Statens Naturoppsyn. Ansvarsområdet omfattar heile heimre Utladalen samt Vormelid i fremre Utladalen.
Skjøtselsarbeidet vert utført etter ein skjøtselsplan, for å bevara kulturlandskapet og sikra det biologiske mangfaldet. Våre sesongarbeidarar fortel gjerne om arbeidet dei utfører dersom du ser dei ute i felt, så ta gjerne kontakt om du har spørsmål.
-
Formidling
Vi har faste formidlingsopplegg retta mot barn og unge, men vi kan også skreddarsy opplegg for grupper av besøkande, og laga til lukka arrangement med servering utanom opningstid.
Våre flinke tilsette er formidlarar med mykje kunnskap, og typiske tema kan vera natur og kultur i Utladalen og Jotunheimen, folkedikting i Årdal, huldresegner, plante- og dyreliv frå Sognefjorden til det alpine Jotunheimen, insekt i slåtteenga og skjøtsel av kulturlandskapet for å nemna noko.
Kontakt oss for informasjon og bestilling.
-
Arrangement
Utladalen Naturhus har vore vertskap for fleire ulike arrangement på vegne av lokalsamfunnet i Årdal. Vi samarbeider gjerne med andre lokale lag og organisasjonar. For større arrangement har vi ein dedikert dugnadsgjeng som gjerne hjelper til.
Dersom du ønsker å leiga plassen vår til eigne arrangement kan du kontakte oss for tilrettelegging. Vi hjelper gjerne til med både planlegging og gjennomføring etter avtale med deg som gjest.
Hovudhuset, som fungerer som sommarkafè, rommar 15-20 personar medan utstillingslokalet vårt kan romme fleire, men dette krever meir førebuing.
-
Turar med guide
Vil tilbyr turar med guide i Utladalen for grupper på førespurnad. Døme på turar:
- Avdalsskåri til Avdal gard (3 timar t/r)
- Til foten av Vettisfossen (4 timar t/r)
- Til toppen av Vettisfossen (6 timar t/r)
Alle turar inneheld historieforteljing og formidling knytt til kultur og natur.
Informasjon om booking må inn her.