Fossane våre
I Utladalen buldrar og brusar det i rennande vatn. Fossane kastar seg ut frå fjellsidene, og elva Utla renn med kraft og fart gjennom heile dalføret heilt ned til Årdalsvatnet.
-
Hjellefossen
Den første fossen du møter på i Utladalen er den imponerande Hjellefossen. Fossen ligg i elva Hjelledøla, ei sideelv til Utla. Den er den nederste fossen i dalføret, og kjem ned i Utladalen ved garden Hjelle.
Fakta:
Totalt fall er 240 meter
-
Avdalsfossen
Den andre store fossen du møter på i Utladalen er vakre Avdalsfossen. Avdalsfossen ligg i elva Gravdøla, ei sideelv til Utla, og er mellom dei høgste fossane i dalføret.
Fakta:
Totalt fall er på 175 meter
-
Vettisfossen
Dronninga i dalen er Vettisfossen. Det høgste uregulerte fossefallet i Nord-Europa. Vettisfossen har eit fritt fall på 275 meter ned frå Vettismorki, eit fjellplatå med stølar og gamal furuskog. Fossen er ein del av vassdraget Morka-Koldedøla, som har sitt utspring i Morka-Koldedalen og renn ned i Utladalen og ut i elva Utla. I Norge er det berre Mardalsfossen, Ringedalsfossen og Skykkjefossen som har eit lengre fritt fall. Vettisfossen blei freda i 1924 etter privat avtale med Naturvernforbundet om vern året før. Fossen er eit populært turistmål.
Fakta:
Verna ved kongeleg resolusjon i 1924
Totalt fall på 275 meter
-
Høljafossen
Høljafossen er eit imponerande fossefall, og ein populær stad å stoppa for å ta bilete eller eit bad i det iskalde smeltevatnet.
Høljafossen er det minste av dei elles store fossefalla i Utladalen, men likeel rekna som eitt av dei vakraste. Det blågrøne smeltevatnet omkrinsa av mørk stein og grøn og frodig vegetasjon garanterer at du får fine bilete om du stoppar opp her.
Fakta:
Totalt fall på 5 meter