Bremålingar i Fjærland
Norsk Bremuseum har utført dei årlege frontposisjonsmålingane av tre brear i Fjærland. Dei regenererte delane av Bøyabreen og Supphellebreen ligg i år 5 meter lengre fram i høve fjoråret. Utviklinga av desse varierer ut i frå kor is- og snørasa legg seg kvart år.
Den tredje breen som Norsk Bremuseum målar, Vetle Supphellebreen, trakk seg 4 meter attende frå 2012. Målingane på denne breen vert gjort direkte på ein aktiv brearm frå iskappa til Jostedalsbreen.
Vetle Supphellebreen oktober 2013. Foto: Pål Gran Kielland.
I år skal vi også starte med frontposisjonsmålingar på Haugabreen i Jølster. Denne brearmen kjem ut frå platåbreen Myklebustbreen som er Noregs åttande største bre.
Haugabreen august 2013. Foto: Pål Gran Kielland.
Målingane er gjort for NVE (Noregs Vassdrags- og Energidirektorat).